Elev ved Herøy vidaregåande skule har testa positivt for korona

Ein elev ved Herøy vidaregåande skule har i dag testa positivt på covid-19, melder Herøy kommune om i ei pressemelding onsdag.

– Eleven har ikkje vore ved skulen sidan 25. mars, og vart sjuk to dagar seinare. Det vert i dag gjennomført smittesporingstesting av klassa og relevant personale ved skulen.

Alle som er testa i dag skal vere i karantene til testsvar ligg føre.

– Eg vil oppmode alle ungdomar som berre har svake symptom på luftvegsinfeksjon om å ta ein test, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen i pressemeldinga.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer