havaristen
FOTO: Foto: Hovedredningssentralen Sør-Norge

Jobbar med berging av lasteskip som driv mot Stad

Det var 2. påskedag at lasteskipet «Eemslift Hendrika» sende ut naudmelding etter å ha fått slagside. Tysdag føremiddag driv skipet, utan mannskap, sørover mot Stad.

Måndag kveld mista lasteskipet motorkraft. Heile mannskapet på 12 personar vart henta ut med helikopter.

– Kystverket er i tett dialog med reiarlaget om berging, men det dårlege vêret i området gjer bergingsaksjonen vanskeleg. Det er opp mot 15 meter høge bølgjer, og skipet driv med retning mot Stad. Med den driven som skipet har no, vil det nå kysten om kring eitt og eit halv døgn. Det vert no jobba med kva for tiltak som skal gjennomførast for å hindre miljøskade, skriv Kystverket på si nettside.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer