koronaball

Torsdag kveld:

Tre nye smittetilfelle i Stad

Torsdag kveld viser prøvesvar tre nye smittetilfelle i Stad kommune.

To personar har fått påvist covid-19 etter testing i Selje onsdag. Personane har vore i karantene som nærkontaktar til tidlegare smitta personar innanfor husstandane. Det er ikkje nye nærkontaktar.

Prøvesvar viser også at ein person har fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid onsdag. Også denne personen har vore i karantene som nærkontakt til ein tidlegare smitta. Det er tre nærkontaktar innanfor familien.

Torsdag er det då til saman påvist tre nye personar med covid-19 i kommunen. Alle har vore i karantene og alle har kjent smitteveg kopla til utbrotet. Alle andre prøvesvar er negative.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer