bent-hoie-hi-res-26
FOTO: Esten Borgos

Innfører strengare nasjonale tiltak

Regjeringa innfører frå torsdag denne veka nasjonale koronainnstrammingar. – Vi får stadig fleire utbrot over heile landet, og situasjonen er uoversiktleg, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie i ei pressemelding.

Tiltaka tek til å gjelde frå midnatt natt til torsdag og gjeld til 12. april. Dei erstattar ikkje eventuelle lokale tiltak.

To meter

To meters avstand vert innført i staden for éin meter, og ein rår til å få besøk av maks to gjestar.

– Dei som du til no har halde minst éin meters avstand til, må du frå no av halde minst to meters avstand til, sa Høie (H) under ein pressekonferanse tysdag kveld.

– Vi rår no til maks to gjestar på besøk. Viss du kjem frå eit område med høgt smittenivå, bør du verken reise på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk, sa Høie.

I tillegg vert det nasjonal skjenkestogg. Det vil seie at ingen kan skjenke alkohol.

Idretten

Regjeringa innfører også forbod mot all innandørs idretts- og fritidsaktivitet for vaksne i heile landet.

Til liks med tidlegare får toppidrettsutøvarar unntak frå forbodet om organisert idretts- og fritidsaktivitet.

Dei nye tiltaka kan ein sjå i sin heilskap ved å trykkje her (ekstern lenkje).

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer