koronaball

Fem nye smittetilfelle i Stad

Til saman vart det måndag påvist fem nye smittetilfelle i Stad kommune. Alle dei smitta er nærkontaktar til tidlegare smitta og var i karantene.

– Prøvesvar måndag kveld viser at fire vaksne personar i Selje har fått påvist smitte med covid-19. Alle desse er nærkontaktar innanfor familiar med tidlegare smitta, og alle var i karantene. Ein av dei fire har testa positivt på hurtigtest og vil ikkje vere med i tala frå Helse Førde før svar på PCR-test også er klart tysdag kveld. Måndag kveld viser også prøvesvar at ein vaksen person på Nordfjordeid har fått påvist smitte. Denne personen er nærkontakt i same husstand som ein tidlegare smitta. Personen var difor i karantene og smitteveg er kjent, skriv ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding seint måndag.

Alle som fekk påvist smitte måndag kveld var i karantene og har kjent smitteveg. Dette talar for at ein er på veg mot å få ytterlegare kontroll på utbrotet. Prøvesvar dei komande dagane vil avklare dette ytterlegare, skriv Bjørlo

Kommuneoverlegen vil tysdag morgon ferdigstille ei ny overordna risikovurdering av smittesituasjonen i samband med utbrotet. Denne vert gjort kjent tysdag.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer