– Resultat laurdag kveld viser at i Selje har to barn på første trinn ved Selje skule og eitt barn i Selje barnehage fått påvist smitte. Alle desse var i karantene. Fem andre nærkontaktar i Selje har også fått påvist smitte laurdag kveld. Alle desse var i karantene fordelt på to ulike husstandar med tidlegare påvist smitte, opplyser ordførar Alfred Bjørlo om i ei pressmelding laurdag kveld.
– Éin person i Selje har fått påvist covid-19 etter å ha testa seg på grunn av symptom fredag. Denne personen var ikkje i karantene, men kartlegging viser ei sannsynleg kopling til eit miljø med påvist smitte. Alle nye nærkontaktar vert sett i karantene laurdag kveld og testa søndag. Laurdag kveld viser resultata også at ein nærkontakt på Nordfjordeid har testa positivt på andre test i karanteneperioden. Smittetilfellet er ikkje kopla til skule eller barnehage, skriv Bjørlo.
Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram.