Åtte nye smittetilfelle i Stad

Prøvesvar seint tysdag kveld viste at til saman åtte nye personar har fått påvist smitte etter testing måndag. Det skriv ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding onsdag morgon.

– Sju av desse var allereie i karantene på grunn av tidlegare påvist smitte hos personar i eigen husstand. Fem av desse sju er i same familie. Desse sju smittetilfella utløyser ingen nye nærkontaktar. Eitt av dei påviste tilfella er ein person som testa seg ved Selje legekontor måndag på grunn av symptom. Foreløpig kartlegging viser ei mogeleg kopling til det aktuelle utbrotet på Nordfjordeid. Kommunen arbeider med å avklare dette ytterlegare. Nærkontaktar er sett i karantene og vert testa i dag. Husstandsmedlemmer til nærkontaktane er sett i ventekarantene, skriv Bjørlo.

Han opplyser elles om at eit større tal personar vart testa på bakgrunn av symptom på sjukdom måndag. Alle desse testane var negative.

– Vurderinga av den samla smittesituasjonen, tiltak og anbefalingar er ikkje endra. Vidare vurderingar av smittesituasjonen vert gjort fortløpande i dagane framover. Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram, skriv Bjørlo.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom i veka som kjem.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer