– Måndag har Stad kommune testa om lag 110 personar. Dette er i hovudsak personar som er testa på grunn av symptom på sjukdom og eit mindre tal testar av nærkontaktar. Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram. Stad kommune oppfordrar framleis alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom i tida framover, skriv ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding måndag kveld.
Symptom på koronavirus kan vere:
- Sår hals
- Hoste
- Tett eller rennande nase
- Hovudverk
- Feber
- Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
- Kroppsverk
- Tungpust
- Tap av smak- eller luktesans
– Vi anbefaler no at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast, skriv Bjørlo.
Anbefalingane frå Stad kommune 9. mars er framleis gjeldande:
- Vi ber alle om å vere nøye med å halde god avstand til andre i kvardagen, ha god handhygiene og ha svært lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.
- Vi ber alle ha så få nære kontaktar som mogeleg i kvardagen og unngå å samlast i grupper utanom eigen husstand eller kohort i barnehage/skule.
- Vi oppmodar lag og organisasjonar i Stad om å utsetje/avlyse arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper.
Desse råda gjeld til smittesituasjonen er meir avklara.