helse- og omsorgssenter inngang
FOTO: Arkiv

61 personar melde seg til testing måndag

Kommuneoverlegen kan måndag kveld informere om at alle prøvene som vart tekne laurdag, var negative. Prøvene frå søndag har det ikkje kome svar på, medan 61 personar melde seg for testing måndag.

Som følgje av ein uoversiktleg smittesituasjon i helga, vart folk oppfordra til testing ved luftvegssymptom. I tillegg valde kommuneoverlegen, i samråd med kriseleiinga, å stengje Vanylven helse- og omsorgssenter for besøkjande.

Kommunen lettar no litt på restriksjonane.

– Viser til at ein i helga såg det nødvendig å stengje omsorgssenteret søndag for besøkjande grunna ein svært uoversiktleg situasjon med mutantvirus. Oversikta er no noko betre enn den var laurdag kveld, men kontrollen er endå ikkje gjenoppretta. Vi oppfordrar derfor til at kun dei nærmaste pårørande vitjar sine i denne perioden. For å kunne ha god kontroll på besøk som vert gjennomført, vil vi i denne perioden gå attende til besøkskontroll. Vi ber derfor om at de tek kontakt med omsorgssenteret før besøket, skriv kommuneoverlege Cecilie Oppedal i ei oppdatering måndag kveld.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer