IMG_20210313_083621

Status søndag kveld:

Har truleg funne smittekjelda

Det vart ein svært hektisk dag ved teststasjonen på Fiskå søndag. 71 testar vart utført og no er tolv personar sette i karantene i Vanylven etter å ha vore i nærkontakt med ein person med smitte. Seint søndag kveld vert det meldt at ein truleg har funne smittekjelda knytt til utbrotet ved Volda vidaregåande skule.

Kriseleiinga i kommunen hadde møte søndag kveld. Per no er det ikkje aktuelt å innføre strengare smitteverntiltak i Vanylven.

– Det er ikkje behov for strengare tiltak. Bevegelsen på fredag er avgjerande. Det vert ei fortløpande vurdering ut ifrå svara i morgon og framover, seier kommuneoverlege Cecilie Oppedal til Synste Møre søndag kveld.

Smittesporing

Ho kan også opplyse om at Volda kommune truleg har funne smittekjelda.

– For Vanylven kommune inneber det at det ikkje er villsmitte her så langt vi veit, og at det ikkje var smitte her førre helg. Samstundes viser det at dette er ekstremt smittsamt, og at det er viktig å bruke antibac, seier Oppedal.

– Dei som har testa seg idag må vere obs på symptom vidare, sjølv ved negativ test i første runde, kan ein vere smittsam. Derfor er det anbefalt med test nummer to, ein må vere obs på luftvegssymptom og ekstra obs på hovudverk, legg ho til.

Tolv personar er per no i karantene på grunn av at dei er klassifiserte som nærkontaktar til personar med smitte. I tillegg er nokre folk i ventekarantene. Dette er husstandsmedlemmar til folk som har vore i nærkontakt med nokon med smitte. Å setje folk i ventekarantene er ein forsterka strategi som følgje av meir smittsame virusvariantar.

Totalt testa 71 personar seg søndag i Vanylven. Svara på desse kjem truleg måndag. Kommuneoverlegen er svært nøgd med at såpass mange personar delte innlegget på Facebook laurdag kveld slik at det nådde veldig mange på kort tid.

– Folk har ei lojalitetskjensle og er opptekne av å få slått ned smitten så fort. Det er ei positiv befolkning med dugnadsvilje og dugnadånd, seier Oppedal.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer