korona rådhus

71 personar testa seg søndag:

– Folk har vore flinke til å melde seg til testing

Mange har meldt seg for testing, og det er framleis mogleg å teste seg. Bilen med prøvene skal sendast kring klokka 15 søndag.

– Det siste talet eg har er 58 som har meldt seg for testing, seier kommuneoverlege Cecilie Oppedal til Synste Møre søndag føremiddag.

Seint laurdag kveld la ho ut melding på Facebook der ho oppfordra til testing. Denne har svært mange delt, noko som har ført til at meldinga har nådd svært mange.

– Innbyggjarane er flinke til å bidra, skriv Oppedal i ei melding til avisa.

Ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande (V), skriv i ei melding til Synste Møre at dei skal ha møte i kriseleiinga seinare søndag.

– Vi må ha fokus på testing først. Vi hadde kriseleiingsmøte i går kveld, i forkant av at meldinga frå kommuneoverlegen gjekk ut. Vi takkar folket som har vore utruleg flinke til å dele meldinga frå kommuneoverlegen. Det gjer at svært mange har meldt seg for testing i dag, skriv Landsverk Sande.

Seint laurdag kveld bad kommuneoverlegen folk som har vore på desse stadane fredag 12. mars om å teste seg:

  • Bussen frå Lauvstad til Syvde kl. 14.45.
  • Fargerike i Syvde mellom kl. 15.30- 16.00
  • Coop Syvde i perioden 15.40-16.00 eller 17.50-18.10.

Dei to melde smittetilfella dei siste dagane er begge personar med folkeregistrert adresse i Vanylven, men som oppheld seg i Volda til dagleg. Volda kommune skriv følgande om tilfellet som vart kjend laurdag kveld:

– Tilfellet er knytt til Volda Vgs. Vedkomande var nærkontakt med tilfellet som vart meldt 12.03.21. Smittekjelda er framleis ukjend og vi fekk i kveld beskjed om at det dreier seg om anten sørafrikansk eller brasiliansk mutasjon, men det er ikkje stadfesta kva for ein av dei. Til no er 129 personar sett i karantene i samband med dette tilfellet. 40 av personane som er sett i karantene bur i nabokommunar (Vanylven, Hareid, Sande, Ulstein, Herøy, Stryn og Stad). Smittesporingsarbeidet held fram utover kvelden og morgondagen og fleire vil bli sett i karantene, melde Volda kommune laurdag kveld.

Litt etter klokka 17.30 søndag ettermiddag, melder kommuneoverlegen at 71 personar testa seg i løpet av dagen.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer