Person folkeregistrert i Vanylven testa positivt:

Fleire nærkontaktar busette i kommunen – stengjer omsorgssenteret for besøk i helga

Kommuneoverlegen i Vanylven melde seint fredag kveld om eit nytt smittetilfelle.

– Vedkommande er folkeregistrert her, men oppheld seg i Volda i det daglege. Per no er det ikkje kome opplysingar om at vedkommande har vore i vår kommune dei siste 48 timane før symptomdebut. Ein vil kome attende med meir opplysinger etterkvart, skriv kommuneoverlegen.

Klokka 11.40 laurdag føremiddag melder kommuneoverlegen at det er avdekt fleire nærkontaktar til smittetilfellet.

– I kontakt med Volda kommune kjem det fram at det hittil er stadfesta fem nærkontaktar busett i Vanylven kommune. Desse er sett i karantene og vil verte testa. Dette talet kan auke etter kvart som ein får ytterlegare oversikt over situasjonen, skriv kommuneoverlegen.

Som følgje av situasjonen har kommuneoverlegen, i samråd med kriseleiinga, valt å stengje Vanylven helse- og omsorgssenter for besøk i helga.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer