Ingen nye tilfelle i Stad

Prøvesvar fredag viser at ingen nye personar har fått påvist smitte etter testinga som vart gjort torsdag 11. mars.

Torsdag vart 65 personar testa.

– Dette var i hovudsak personar som vart testa på grunn av symptom, og nokre få nærkontaktar til dei som fekk påvist smitte onsdag, skriv kommunen i ei pressemelding.

Fredag har Stad kommune tatt prøve av heile 288 personar.

– Dette er i hovudsak andre test for born/elevar/tilsette i barnehageavdelinga og skuleklassane som vart sett i karantene tidleg i veka, og andre test av personar som elles har vore i karantene i sju dagar eller meir. Det er også teke første test av elevar og tilsette i klassa ved Eid ungdomsskule som vart sett i karantene i går, og prøve av personar som vert testa på grunn av symptom på sjukdom. Svar på prøvene kjem i løpet av helga, står det i pressemeldinga.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest
0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer