Her ligg båten Hovden Viking ved kai i Senjahopen onsdag denne veka.
Her ligg båten Hovden Viking ved kai i Senjahopen onsdag denne veka. FOTO: Tipsar

Politiet frigjev namn etter dødsulukka på «Hovden Viking»

Torsdag opplyser Troms politidistrikt i ei pressemelding at det var 70 år gamle Bjørn-Tore Hovden som omkom i ulukka på båten Hovden Viking.

Namnet er frigjeve etter avtale med pårørande, skriv Fiskeribladet.

Havarikommisjonen

Tysdag omkom ein fiskar etter å ha falle over bord frå båten Hovden Viking i Troms. No skal havarikommisjonen undersøkje hendinga nærmare.

Det er Fiskeribladet som melder at Statens havarikommisjon skal undersøkje hendinga, og at politiet også har sett i gang etterforsking kring ulukka.

MS Hovden Viking er heimehøyrande i Selje i Stad kommune. No skal havarikommisjonen intervjue mannskapet og gjere undersøkingar om bord.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer