Var i Vanylven i helga – testa positivt for korona torsdag

Fredag morgon melder kommuneoverlegen i Vanylven at dei har fått melding om at ein person som oppheldt seg i Vanylven i helga, i går kveld testa positivt for korona.

– Tidsintervallet frå opphald i kommunen til positiv test er for langt til at det vil bli aktuelt med karantenesetjing per no, med mindre det under dagen skulle kome nye opplysningar, skriv kommuneoverlegen.

Det er per no for tidleg å seie noko om smittekjelda, men det har gått ut tilråding til nærkontaktar om å teste seg.

– Testaktiviteten er generelt låg i kommunen om dagen, og eg vil derfor nytte høvet til å minne om betydninga av testing. Det er den viktigaste måten vi kan halde kontroll på eventuell smittespreiing i samfunnet vårt på. Takk for at du bidreg til å førebyggje smitte, skriv kommuneoverlegen.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer