-4323356554202343127

Bil hamna i grøfta i Brudevika

Ein bil køyrde av fylkesveg 5852 ved Brudevika måndag ettermiddag. Vanylven brann og redning rykte ut frå stasjonen på Fiskå like etter klokka 14.00 måndag.

110-sentralen Møre og Romsdal opplyser til Synste Møre at det gjeld ein enkelt bil, og at bilen hadde låg fart.

Politiet Møre og Romsdal skriv klokka 14.13 på Twitter at førar vert undersøkt av helsepersonell på staden, og at det er snakk om mindre materielle skadar. Det skal ikkje skal vere nokon personskadar.

Politiet skriv også at det ikkje er mistanke om noko straffbart, og at det derfor ikkje vert politisak.

Kring klokka 14.30 var bilen på vegen igjen.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer