erna
FOTO: Arkiv/Eirin Larsen, SMK

Regjeringa justerer dei nasjonale tiltaka

4. januar innførte regjeringa nasjonale tiltak for å avgrense smittespreiing. Tiltaka skulle gjelde i to veker, og no justerer regjeringa på tiltaka.

– Sjølv om tiltaka ser ut til å verke, og smittetala har gått noko ned, er situasjonen framleis usikker.  Vi ser korleis smitten slår inn over landa rundt oss og forårsakar sjukdom og død. Det vil vi prøve å unngå i Norge. Derfor vidareførar vi strenge nasjonale tiltak og ein av dei aller strengaste grensekontrollane i Europa, seier statsminister Erna Solberg i ei pressemelding.

Anbefalingar for alle i heile landet

Sosial kontakt

  • Alle bør avgrense sosial kontakt i størst mogleg grad. Det vert oppfordra til å møte andre utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn 5 gjestar i tillegg til dei som allereie bur saman. Dersom alle gjestane kjem frå same husstand, kan ein vere fleire, men ein må likevel ikkje vere fleire enn at ein kan halde avstand. Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort. (Nytt)

Reiser

  • Ikkje gjennomføre reiser i inn- og utland, med mindre det er nødvendig. Reiser til studiestad kan framleis reknast som ei nødvendig reise, medan reiser for å delta på arrangement i utgangspunktet ikkje vert sett på som ei nødvendig reise. Hytteopphald i Norge med folk du bur saman med vert ikkje rådd fifrå, innanfor dei lokale og nasjonale råda og reglane som gjeld. (Nytt)

Høgare utdanning

  • Alle universitet, høgskular og fagskular bør bruke digital undervisning der dette er mogleg. Alle planlagde arrangement bør vere digitale, og større forelesingar og samankomstar bør unngåast. Studentar i område utan høg smitte bør få moglegheit til fysisk undervisning minst ein gong i veka når det er mogleg å gjennomføre i mindre grupper og i tråd med smittevernrettleiarane. (Nytt)

Idretts-, fritids- kultur- og livssynsarrangement

  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt, både ute og inne. Dei kan også verte teke vekk frå anbefalinga om 1 meters avstand når det er nødvendig for å drive med aktiviteten. For barn og unge kan ordinær treningsaktivitet internt i klubbar, lag og foreiningar derfor gjennomførast, men kampar, cupar, stemne mv. må framleis utsettast. (Nytt)
  • For vaksne vidareførast anbefalinga om ikkje å drive organisert aktivitet innandørs. Utandørs kan vaksne trene dersom det er mogleg å halde god avstand.
  • Toppidretten anbefalast å utsetje alt seriespel i to veker. Norges Idrettsforbund vert bedd om å koordinere dette med særforbunda. (Nytt)
  • Kulturarrangement som førestillingar, oppvisningar m.v, samt kurs/konferansar og trus- og livssynseremoniar utsetjast dersom desse samlar personar frå fleire kommunar. Folk vert bedd om å respektere avgrensingar som arrangøren informerer om når det gjennomførast arrangement reservert innbyggarar i ein enkelt kommune. Dette omfattar både utandørs og innandørs arrangement, men ikkje gravferd. (Nytt)

Arbeidsplasser

  • Heimekontor anbefalast for alle som har moglegheit til dette.

Regler for hele landet

Private sammenkomster og arrangement

Dei fleste private samankomstar og arrangement bør utsettast eller avlysast. Om dei likevel må gjennomførast, gjeld følgande reglar:

  • Maksimalt ti personar på private samankomstar utanfor eigen heim, som for eksempel ein bursdag i leigd lokale. Dersom den private samankomsten er utandørs, er grensa 20 personar. (Nytt)
  • Maksimalt ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminarar, livssynssamlingar, seremoniar mv., likevel 200 personar der alle i publikum sit i fastmonterte sete. I gravferd kan det vere opp mot 50 personar, sjølv om seta ikkje er fastmonterte.
  • Maks 200 personar på arrangement utandørs, likevel 600 personar der alle i publikum sit i fastmonterte sete.
  • Helsedirektoratet vil få i oppdrag å vurdere om kravet til fastmonterte sete for å ha inntil 200 eller 600 deltakarar på arrangement, bør verte erstatta med andre krav, for eksempel krav til tilviste faste sitteplassar. (Nytt)

Uteliv og serveringssteder

  • Forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstadar vert vidareført inntil vidare. Det vert teke ei ny vurdering i veke 4, altså neste veke.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer