helse- og omsorgssenter inngang
FOTO: Arkiv

Oppmodar til å ikkje besøke omsorgssenteret

Grunna dei nye nasjonale smittevernføringane, oppmodar no Vanylven kommune innbyggarane til å ikkje besøke Vanylven helse- og omsorgssenter.

Søndag kom som kjend regjeringa med nye nasjonale føringar for å avgrense spreiing av Covid-19.

– Vi må nå vente med å ta opp att sosialt liv til det har gått 14 dagar

Tysdag kveld melder kommuneoverlege Cecilie Oppedal at dei no oppmodar til å ikkje besøke omsorgssenteret på Fiskå.

– Med bakgrunn i dei nye nasjonale føringane oppmodar vi til at pårørande ikkje kjem på besøk ved omsorgssenteret. Denne oppmodinga gjeld fram til det kjem nye føringar frå nasjonale helsemyndigheter. Det er varsla at det vil verte teke ei ny vurdering omkring veke 3. Ved alvorleg sjukdom hos bebuar, gjeld ei anna tilråding, som vert avklara gjennom direkte kontakt med pårørande. Vi ber om forståing for dette, skriv kommuneoverlegen.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer