Illustrasjonsfoto teke før handsaminga av B-saka.
Illustrasjonsfoto teke før handsaminga av B-saka.

Rådmannen fråtrer stillinga

Rådmann i Vanylven, Rita Kvamme, fråtrer stillinga frå 15. desember. Det opplyser Vanylven kommune i ei pressemelding.

Dette gjekk Vanylven kommune ut med under dagens kommunestyremøte. Eine saka på lista der gjaldt ei leiaravtale. Denne saka har tidlegare vore handsama bak lukka dører både i formannskapet 3. november og kommunestyret 5. november.

Også i dag vart kommunestyret lukka – grunna omsynet til personopplysningar – då denne saka skulle handsamast. I pressemeldinga, sendt ut rett etter at saka var ferdig handsama, skriv Vanylven kommune følgande:

– Vanylven kommune har inngått avtale med Rita Kvamme om at ho fråtrer stillinga som rådmann den 15.12.2020. Frode Vik er frå dags dato konstituert som rådmann inntil 31.03.2021.

Synste Møre kjem tilbake med meir om saka.

Kommentarer

Her er du velkomen til å debattere saka videre. Men tenk gjennom korleis du vil fram stå og kva uttrykk du brukar. Ein liten huskeregel: Ikkje skriv noko som du ikkje kunne ha ropt ut på torget med mange tilhøyrarar. Du må bruke fullt namn - falske profilar vert utestengt. Hald deg til saka, vis respekt og stor rausheit overfor andre. Trakassering, truslar og hatske meldingar slettast. Hald deg innanfor lova.

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer