Nye betalingssatsar gjeld blant anna på Vanylven helse- og omsorgssenter.
Nye betalingssatsar gjeld blant anna på Vanylven helse- og omsorgssenter.

Kommunen sendte ut brev med nye betalingssatsar for kommunale bustadar – la ved namn på leigetakarar og verjer

Vanylven kommune har nyleg sendt ut brev med oppdaterte betalingssatsar for kommunale bustadar frå nyttår. Ved ein feil vart også namna på alle leigetakarane i tillegg til namna på verjene med i brevet.

Synste Møre har fått tilsendt brevet som har gått ut til bebuarar på kommunale bustadar i Vanylven. Etter informasjonen om oppdaterte betalingssatsar kjem det klart fram kven som er mottakarane av brevet.

Her står det fullt namn og adresse til bebuarane.

I tillegg står det namnet på verjene til dei som har verje. Ifølgje brevet vi har fått tilsendt, gjeld det namna til 55 personar.

Alvorleg feil

I ei pressemelding beklagar Vanylven kommune feilen.

– Dessverre var det lagt ved ei liste over alle mottakarar av brevet. Det vil seie at alle som fekk brevet kunne sjå kven andre som også hadde motteke brevet. Totalt var det 55 personar på denne lista. Vi vil opplyse om at brevet ikkje inneheld personsensitive opplysningar, skriv dei i pressemeldinga.

Kommunen ser likevel alvorleg på at noko slik kunne skje.

– Med det same vi vart merksame på feilen vi har gjort, starta vi med å finne ut korleis vi kan unngå at dette skjer igjen. Det er avdekt at situasjonen skuldast rutinesvikt ved val av feil mal ved utsending av brevet, og vi vil ha ein gjennomgang av rutinene for å sikre at dette ikkje skjer fleire gongar, heiter det i pressemeldinga.

Dei som fekk brevet vil no få informasjon frå kommunen og ei forklaring på kva som har skjedd.

– Hendinga er også blitt registrert i avvikssystemet vårt, og i tillegg vil Datatilsynet bli informert om feilen som er gjort, opplyser Vanylven kommune.

Synste Møre tok fredag kontakt med konstituert leiar for helse og omsorg, Janita Nybø. Ho viste då til pressemeldinga som no ligg tilgjengeleg på nettsida til Vanylven kommune.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer