Stad skipstunnel_sjøscene3_01
FOTO: Stad skipstunnel/Nordwest 3D

75 millionar kroner til skipstunnelen:

Verdas første skipstunnel vert eit faktum

Det er sett av 75 millionar kroner i oppstartsmidlar til Stad skipstunnel i statsbudsjettet for 2021. Det skriv SMP.

– Det fanst ingen gode argument for å ikkje starte dette prosjektet no. Frp har sørgt for at vi i løpet av neste vår kan setje bygginga av Stad skipstunnel i gang. Det ser eg fram til, seier Frank Sve til SMP.

Ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande (V), er svært glad over at det endeleg skjer.

– TAKK – TAKK – TAKK!  ENDELEG kom meldinga vi har venta på! Stad skipstunnel kjem! Dette er no klart, etter at regjeringa har kome til einigheit med Frp, og det kjem ei løyving på 75 millionar i 2021. Fleirtalet er sikra, og eg gler meg inderleg over at Frp viste rausheit for folket langs kysten, slik at tunnelen kan sikre tryggare farlei for alle som ferdast Norge på langs, skriv ho på Facebook.

Også ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo, er svært nøgd.

– Nyheita om byggestart for Stad Skipstunnel betyr uendeleg mykje for heile Vestlandet – og Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal særskilt. Dette er starten på ei ny tid for kysten, kystnæringane og sjøtransporten! Vi vil gje stor honnør til Frp som fekk Stad Skipstunnel «over målstreken», og gler oss over at Venstre, Krf, Høgre og Frp no står saman om ei avtale som inneber startløyving til Stad Skipstunnel i 2021, seier Bjørlo og Landsverk Sande i ei felles pressemelding.

Landsverk Sande vil også rose sin forgjengar på ordførarkontoret i Vanylven.

– Jan Helgøy skal ha ein stor del av æra. Utan han hadde ikkje dette prosjektet vorte noko av. Han gav aldri opp prosjektet, seier ei hoppande glad Landsverk Sande til Synste Møre.

Helgøy sjølv er naturleg nok veldig glad.

– Dette er heilt fantastisk. Det vert ein siger for heile nasjonen. For kysten og kyst-Norge. Dette vil få enorme ringverknadar. Vanylven vil også få eit enormt oppsving som følgje av prosjektet, seier han.

Randi Humborstad, prosjektleiar for Stad skipstunnel, skriv følgande i ei pressemelding på vegner av styringsgruppa for tunnelen:

– Dette er ein stor dag for innbyggarane og næringsliv på kysten som har venta i fleire tiår på at myndigheitene skulle gje klarsignal for bygging av verdas første skipstunnel.

Vidare vil ho rose Frp.

– Vi er no svært glade for at Framstegspartiet har halde kva dei har lova og fått gjennomslag for oppstartsmidlar til Stad skipstunnel i budsjettforhandlingane med regjeringa. Framstegspartiet viser med dette stor handlekraft og tek ansvar for at vi endeleg kom kome i gang med bygging av Stad skipstunnel i 2021.

Jon Georg Dale (Frp) seier følgande i ei pressemelding.

– Etter endelause utgreiingar gjennom snart to tiår er vi endeleg ved punktet der spaden skal i jorda på skipstunnelen som vil binde kysten vår trygt saman. Dette er ein stor dag for heile kystfolket. Motstandarane av prosjektet tok feil, no skal det byggast, det er berre å heise flagget, seier Dale.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

1 Kommentar
Eldste
Nyeste Mest stemmer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer
Kjell P. Dønheim
Kjell P. Dønheim
3 år siden

Veldig bra!!!