ferje koparnes
FOTO: Arkiv

Ferjerokade på Søre: Årvik – Koparnes var utan ferje i kring to timar

Tekniske problem for MF Solavågen på sambandet Solavågen – Festøy har råka fleire samband på Søre Sunnmøre måndag ettermiddag. Klokka 14.43 melder Norled at Årvik – Koparnes skal gå som normalt frå klokka 15.00.

Oppdatert: Klokka 18.27 måndag kveld melde Norled at MF Sand er attende på Årvik – Koparnes.

Norled melde måndag føremiddag at ferjesambandet Volda – Lauvstad vart innstilt frå klokka 12.20 og inntil reservefartøy var på plass. Nokre minutt seinare vart det kjend at også Årvik – Koparnes vart innstillt som følgje av eit teknisk problem.

Volda – Lauvstad skal gå som normalt frå klokka 15.00.

Regionsjef i Norled, Inge Andre Utåker, kan fortelje Synste Møre at feilen ved Solavågen – Festøya har ført til ein rokade for fleire ferjer på Søre Sunnmøre.

– Reservebåten for det sambandet er MF Hardingen. Den er også reserve for Lauvstad – Volda. Då den vart sendt til Solavågen – Festøya, er plan B på Lauvstad MF Sand, seier han.

Han kan fortelje at MF Ølen etter planen skulle erstatte MF Sand på Årvik – Koparnes. Ølen hadde derimot eit uventa teknisk problem, og Utåker kan dermed ikkje svare på når sambandet kjem i gang igjen. MF Sand var allereie på veg til Lauvstad då det vart kjend at MF Ølen hadde tekniske problem.

– Men hadde det ikkje vore betre å sende MF Ølen til Lauvstad – Volda, då det er høgare trafikk på Årvik – Koparnes?

– Vi får ikkje lov til å halde MF Sand på Koparnes og sende MF Ølen til Lauvstad. Etter at Statens vegvesen bytte køyrebru i Volda, vart brua så brei at dei ikkje ynskjer Ølen der. Det er derfor gjort avtale om at MF Sand er reserve på Volda – Lauvstad, seier han.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer