– Det ventast nokre skredhendingar. Einskilde store hendingar kan skje. Utsette bane- og vegstrekker kan verte stengde, heiter det på varsom.no
Jordskredfare. FOTO: Skjermdump frå varsom.no
Grunnen til at varselet er sendt ut er høg grunnvasstand og vassmetningsgrad i jorda. Frå tysdag er det også venta store mengder med nedbør i tillegg til snøsmelting.
Vidare tilrår varsom.no folk å halde seg vekke frå bratte terreng og større vassdrag og om å halde seg oppdaterte på utviklinga.
– Hald stikkrenner, kummar og andre vassvegar frie for snø, is, grus, søppel, kvis og lauv, står det.