Ordførar Alfred Bjørlo: – Kommunen har god kontroll

Fredag sende ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo, ut ei melding om at det no er registrert fire nye personar som er smitta av covid-19 i kommunen.

Alle dei fire nye var allereie i karantene, då dei var nærkontaktar til personar med kjent smitte. Desse tilfella er kopla til smittesaka der heile staben i kyrkjekontoret på Nordfjordeid vart smitta, då ein tilsett kom tilbake frå Bergen med smitte.

Har god kontroll

– Kommunen har god kontroll på situasjonen gjennom smittesporingsarbeidet, og ein har framleis ikkje funne grunnlag for eigne lokale tiltak utover nasjonale råd og retningslinjer. Aktivitet i skular, barnehagar og arbeidsliv kan gå som normalt med gjeldande smitteverntiltak. Ein har heller ikkje funne grunnlag for å avgrense aktivitetar innanfor idretten eller kulturlivet, skriv Bjørlo i ei pressemelding.

Ordføraren opplyser om at kommunen gjer fortløpande vurderingar kring aktuelle tiltak i samråd med Folkehelseinstituttet. Stad kommune ber alle som vert sjuke med feber og /eller luftvegssymptom om å ha lav terskel for å teste seg og halde seg heime til dei har fått negativt svar på testen og føler seg friske. Alle vert oppmoda til å ha så få nærkontaktar som mogeleg i kvardagen, halde avstand til andre og ha god handhygiene.

Fastlege i karantene

I tillegg er ein fastlege og ein annan tilsett ved Selje legekontor sett i karantene som nærkontaktar til ein pasient som er smitta med covid-19. Dei to har vore kortvarig og avgrensa kontakt og ingen har symptom på infeksjon.

Det skal ikkje vere risiko for smitte knytt til andre legar og tilsette ved legekontoret i Selje.

Kommentarer

Abonnér
Varsle om
guest

0 Kommentarer
Inline Feedbacks
Vis alle kommentarer