TIPS OSS 700 20 820


TIPS OSS 700 20 820

Installations/fwk/sites/synste/til_leige_5a.pdf

Bildegalleri

Annonse

Nina merka vi ikkje, men...
Det var kanskje ikkje heilt vekkasta å sjekke båtar, naust og lause saker kring husa før helga. For sjølv om Nina uteblei, friskna det godt til utover dagen måndag.
12.01.15 18:44
Har du sett det før?
Så skjedde det igjen: Ein lastebil enda i grøfta på Tunheim. Og som så ofte før: Uhellet skjedde då lastebilen møtte ein bil og måtte legge ut.Denne gongen var det ikkje ein stor bil, men ein varebil eller ei stasjonsvogn, som kom køyrande andre vegen. Men i følgje sjåføren på lastebilen, var den møtande bilen såpass langt inne på vegen at han måtte legge ut på kanten for å unngå kollisjon. Dermed var grøfta neste. Uhellet  skjedde litt før kokka 17.00 måndag. Lastebilen hadde levert varer i Måløy og var på veg tilbake til Ålesund utan last. Då vi var på staden vel ein time seinare, venta ein på kranbil for å få bilen på vegen att. Etter det ein så langt hadde sett, var det ikkje øydelagt noko på lastebilen. Kring klokka 19.30 var bilen på vegen att. Vegen var stengt medan sjølve bilberginga stod på og det danna seg lange køer på begge sider, får vi opplyst frå folk på staden. Vi har hatt mange slike reportasjar frå denne smale vegstrekninga frå Tunheim til Sylte. Og spor i grøfta viste at vi berre for nokre dagar sidan kunne ha hatt ein til. Men han kom seg oppatt me eiga hjelp, får vi vite av naboar.
12.01.15 18:26
Stille før stormen?
Skal vi tru vêrmeldingane, er det laurdag fare for kraftig vind og høge bølgjer. Dei siste dagane har difor fleire spesielt prøvd å sikre båtar og naust. På Notaplassen i Syvde møter vi fredag ettermiddag John Nordal og Paul Myklebust. Dei har mellom anna vore i sving med å spenne eit ekstra tau tvers over hamna og festa det i flytebryggene.
- Det vert gjerne litt gang i dei, fram og attende, når det er vind og bølgjer. Difor har vi spent opp tau for å prøve å hindre at dei skal bevege så mykje på seg, seier dei to karane.
John Nordal fortel at bryggene fekk hard medfart under Dagmar.
- Den ein brygga fekk ein knekk på midten og ytste elementet vart så vridd at vi måtte ta det land og rette det opp og sveise det i etterkant, seier han. 
Om det vert så mykje av uvêret som er meldt, er dei usikre på, men har ein prøvd å sikre seg i førekant, slepp ein i alle fall å tenkje på det om det skulle blåse skikkeleg opp, er dei samde om. Så er det også sendt ut beredskapsvarsel frå fylkesmannen, og som det heiter i radbrekking av eit ordtak, er det for seint å snu når katta er ute av sekken.  
09.01.15 15:33
Gjentok fjorårssigeren
Førehandsfavorittane Las Estrallas Azules hadde små vanskar med å vinne kvinneklassa i Castrol Cup søndag. Dei talentfulle jentene vann også Sparebanken Møre-klassa i fjor, då etter eit jamt finaleoppgjer som enda 1-0 mot Voldabaserte Queens. Med nokre utskiftingar vart det desse to laga som møttest også i år, og dei blå vanylvingane synte at dei har teke steg i utviklinga og vann enkelt finalen 6-0. To kjappe frå Vilde Hasund sin venstrefot sikra 2-0. Ho stod også for 3- 0, før stadig måljagande Siril Rusten sette inn 4-0. Ellen Nerland Aahjem sørga for 5-0, før ho litt seinare nok ein gong forserte flott på venstrekanten og Siril fekk æra av å avslutte det heile med å sette innlegget hennar i mål. Vi kjem med meir frå dei andre klassane i avisutgåva tysdag.
28.12.14 19:08
Fast på glatta
Ein lastebil står måndag kveld i nitten-tida fast i svingane opp mot Kvilehytta på Åheim. Bilen skal ha hatt gode dekk, men på glatta måtte det leggast på kjettingar. Det vart også meldt om utforkøyringar i morgontimane og er grunn til å minne om å avpasse farta etter forholda.
15.12.14 19:53
Stappfull løe for snekker Andersen
Julestemninga var til å ta og kjenne på i løa på Hakallegarden då julespelet om snikkar Andersen hadde premiere laurdag i Katrine Fjell Holen sin regi. I tillegg til Alv Prøysen sin klassiske tekst, var det spedd på med kjende julemelodiar. Også dei hovudsakleg frå Prøysen-universet. Og små og store lokale skodepelarar kosa seg tydeleg på scenen under det halvtimelange programmet. Og det same oppfatta vi så absolutt at publikum gjorde. I morgon, søndag, er det to nye framsyningar.
Vi har meir i papiravisa torsdag
13.12.14 19:59
Omkom i bilulukke
Ein bil køyrde onsdag morgon av vegen og inn i ein steinmur på Breiteig i Syvde. Personen i bilen, ei ung kvinne, vert stadfesta omkomen.
10.12.14 10:59
Leikarringen på lokalen
Onsdag var NRK Møre og Romsdal til stades og lagde direkteinnslag frå juleavslutninga til leikarringen i FFUL. Fekk du ikkje med deg innslaget, kan du sjå det her.
02.12.14 21:01
Tragisk arbeidsulukke
Ein mann omkom i ei arbeidsulukke på ein gard i Vanylven måndag føremiddag.Politiet opplyser at det vart varsla kl 11.38 om ulukka i Fiskå-området og naudetatar rykte ut til staden. Etter det politiet skriv på loggen sin har det ikkje vore vitne til ulukka, og ein veit ikkje nøyaktig når og korleis det har skjedd, men mannen var altså død. 
25.11.14 12:10
Ampert om ambulanse
I eit møte torsdag orienterte Ambulanse Midt-Norge om at ein frå nyttår likevel vil setje i verk vedtaket frå 27. februar om å ta bort dagbilen i ambulansetenesta i Vanylven. Dette møter sterk kritikk frå kommune- og helseleiing i Vanylven, som mellom anna meiner dei har vorte lova å sjå nærare på ei praktisk samarbeidsløysing.I styremøte i Ambulanse Midt-Norge i februar vart det ut frå eit underskot på 25 millionar kroner i ambulansedrifta for dei tre fylka bestemt å ta bort mellom anna ambulanse nummer to i Vanylven, som vert driven på dagtid frå 08 til 16 alle kvardagar. Etter å ha fått til eit møte med styreleiar Petter Bjørdal, der Vanylven skisserte ei løysing med at tilsette i ambulansetenesta kan kombinere ledig kapasitet i ambulansearbeidet med å vere i jobb i omsorgstenesta i kommunen, vart saka utsett. Smertar minst
Torsdag kom så ambulanseleiinga på besøk med den overraskande meldinga for Vanylven at vedtaket likevel vil trå i kraft frå nyttår. Dette vert grunna i dårleg kapasitetsutnytting og at ein i arbeidet med innsparingar finn at det gir minst konsekvensar. Administrerande direktør i Ambulanse Midt-Norge, Håkon Gammelsæter, viste til at ein må sjå Søre Sunnmøre under eitt.
– Tala vi har arbeidd ut viser at det å ta bort dagambulansen i Vanylven vil vere det som ut frå ei samla analyse for korleis ein skal bruke ressursane i området, vil vere det som gjer minst skade, sa Gammelsæter. Akseptabelt
I lag med logistikksjef Jon-Ola Wattø, la han fram tal som viser at sannsynet for det ein kallar samtidigheitskonfliktar i Vanylven, det vil seie at to ambulansar får akuttoppdrag samstundes, er svært liten.
– Då har ein også dekning gjennom luftambulansar frå både Førde, Florø og Ålesund. I Trondheim har ein tre bilar, ein meir enn i Vanylven, og samtidigheitskonfliktar er daglegdags. Vi må gjere det beste ut av midlane vi har til rådvelde, og eg ber om forståing for at vi har vurdert dette så grundig som muleg, sa Gammelsæter. Set liv og helse i fare
I det han etterkvart gav karakteristikken eit oppheta møte, fekk dette sterk kritikk frå kommune- og helseleiing i Vanylven. Ordførar Jan Helgøy trekte fram at dette er nok ein negativ faktor for Vanylven.
– I eit så rikt land som vårt er det underleg at økonomiske rammer skal vere avgjerande for liv og helse. Og at de berre kjem her og legg fram vedtaket er ikkje det vi til vanleg kallar dialog. Om vi som politikarar berre skal akseptere det, har vi svikta vårt ansvar. Dette møter vi gong på gong, med bussruter som vert tekne frå oss og funksjonar som verte tekne bort. At tryggleiken ved å bu i kommunen vert dårlegare, gjer det ikkje lettare å bu her, sa Helgøy. Kritiserte samarbeidsvilje
Det som særleg vart kritisert, var at ambulanseleiinga no la dette på bordet utan at det har vore meir kontakt sidan februar.
– Då vart vi av styreleiar Bjørdal lova samarbeid om ei løysing han sa han trykte til sitt bryst og som vi hadde ein idé om korleis kunne gjerast. Eg har teke fleire telefonar, men ikkje høyrt noko før no, då konklusjonen er gjort. Eg er svært forundra. Her har ein hatt ei flott muligheit til å prøve ut noko nytt, som kunne vore ein modell på landsbasis for utkantkommunar, og så kjem ein med dette, sa kommunalsjef Arnhild Nordaune. Gir ikkje opp løysing
Konstituert rådmann Andreas Nørve peikte på at om ein skal rekne slik det vart lagt fram i føretaket sitt datagrunnlag, kunne ein like godt også ha felles brannvern med Ulstein.
– Sannsynet for at eit hus skal brenne ned vil ikkje ha så høg prosent, sa Nørve.
Han ville gjerne ha tala på bordet for den faktiske kostnaden ved dagambulansen for å sjå litt meir på om det kan finnast ei løysing, sjølv om fristen no er svært kort. Vi kjem med meir om saka i papirutgåva.
20.11.14 16:33
Gav gode råd om vegen vidare
Den store samlinga om kommunereforma som var invitert til på kommunestyresalen i dag, gav mange konstruktive innspel å ta med vidare i prosessen mot ei eventuell kommunesamanslåing.Gjennom ein open prosess, der deltakarane sjølve var med og styrte tema og diskusjon, vart det diskutert mange sider ved korleis ein skal gå fram i arbeidet vidare med reforma. Sjølv om det frå mange vart gitt uttrykk for at ein fann det svevande å diskutere ei sak der staten enno ikkje har lagt premissane, var det stor semje om at Vanylven må gjere som andre friarar - og få fram sine gode sider. Såleis heitte det i dei to punkta som gjennom ei laus form for stemmegjeving fekk høgast skår, slik:
– Start innsal av alle ting vi er gode på i Vanylven til alle nærliggande kommunar så snart som råd.
Medan det i sum nesten likelydande rådet som fekk same poengsum ville snevre inn området litt:
– Etabler tidleg kontakt med dei heitaste kommunane, ha jamlege møte og framhev vanylven sine kjernefelt og framtidige potensiale. Ein såg det elles slik at samanslåing er noko som uvergeleg vil kome og fann både fordelar og ulemper på område som skule og samferdsel. Ei av dei største utfordringane som kom fram, var korleis Vanylven si stemme skal verte høyrd i ei framtidig storkommune, til dømes når det gjeld politisk representasjon.
Vi kjem med meir om det som vart diskutert i papirutgåva.  
13.11.14 15:43
Hamna på kvar si side av vegen
Ingen av dei totalt tre personane i dei to bilane vart skadde under kollisjonen på riksvegen mellom Eidså og Fiskå onsdag kveld.Uhellet skjedde nær den nørdste av dei to store rasteplassane på denne vegen. Bilane har vore i hop, men har etter kollisjonen begge enda utanfor vegen. Både redningsetat, ambulanse og etter kvart politi kom til etter uhellet, som vart meldt inn til politiet om lag kvart på sju onsdag kveld. Etter sjekk av lege vart det slått fast at folk i bilane hadde kome frå det utan skade, får vi opplyst hos politiet.
06.11.14 09:28
Bil av vegen i Syvde søndag kveld
Både ambulanse og redningsbilar rykte ut etter melding om at ein bil hadde køyrt av vegen mellom Skår og Sætre i Syvde kring klokka 20.30 søndagskvelden. Til all lukke såg det ut til at det hadde gått bra.Føraren av bilen vart, etter det politiet opplyser, for sikkerheits skuld teken med til lækjar for sjekk, men det såg ut til at vedkomande hadde kome uskadd frå hendinga. Bilen hadde heller ikkje fått store skader, etter det ein kunne sjå i mørket. Den stod i grøfta på oppsida av vegen. Det var svært dårleg ver då ulukka skjedde, men politiet seier dei ikkje veit om dette var årsaka til uhellet. Så langt vi kjenner til, var bilføraren åleine i bilen.
26.10.14 21:37
Siger og tap for vanylvingane
ÅVK reiste seg etter tapet mot Vartdal og slo Åmdal 2-5 onsdagskvelden. Men på River Plate vart Åheim tre mål for lette mot Larsnes/Gursken2.Kampfakta
5. divisjon Sunnmøre
Åmdal – ÅVK 2-5 (1-1)
Mål ÅVK: Sondre Hasund 2, Sindre Thue 2, Jon André Thue 1
Bane: Legene gras. Kjell Brenne ÅVK spelte ein god 1. omgang og tok leiinga ved Sondre Hasund. Langdistanseraketten frå 35 meter med adresse vinkelen fauk rett inn. Ein sterk kandidat til årets mål, kommenterte Øyvind Myklebust. Spelande trenar i ÅVK har vore ute på grunn av skade, men fekk prøve seg siste ti minutt av kampen.Heimelaget kom sterkare mot slutten av omgangen og på ein situasjon eit pressa ÅVK-forsvar ikkje greidde å klarere, greidde Åmdal å utlikne. Åmdal var freidige nok til å ta leiinga 2-1 straks etter pause før ÅVK-arane fekk samle seg. Sindre Thue var tilbake att i ÅVK og lysluggen utlikna til 2-2. Siste halvtimen av kampen var det ÅVK som styrte det meste. Sindre Thue auka til 2-3 og Sondre Hasund la på til 2-4 før Jon Andre Thue fastsette kampresultatet til 2-5. –Eg trur vi snakkar om eit syltynt håp på det teoretiske plan - i praksis er nok opprykkstoget er gått for i år, trur Myklebust. Sidan både Stordal og Hovdebygda tapte, er opprykksdøra framleis ørlite på gløtt for ÅVK. -Om det ikkje blir 4. divisjon neste år, har vi i alle fall lyst å vise at vi er i stand til å slå kven som helst i divisjonen. Desse kampane går på Eidsåvoll, framhevar Myklebust. Stjerner:
Sondre Hasund ***
Anders Bellen **
Fredrik Midtbø * Andre resultat i 17. runden:
Sunnylven – Ørskog 1-3
MSIL – Hasundgot 4-0
Ravn – Hovdebygda 1-0
Stordal – Vartdal 1-3   Kampfakta
6. divisjon avd. 1
Larsnes/Gursken 2 – Åheim 4-1 (1-0)
Bane: River Plate kunstgras
Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal.
Mål Åheim: Christian Thue Ein tafatt førsteomgang der det skjedde lite bortsett frå at Larsnes/Gursken 2 scora og Pål Hellebust i Åheim sitt mål hadde eit par klasseredningar. Heimelaget var hakkert betre.  Etter pause kom Åheim på bana som eit nytt lag og overtok føringa i spelet. Midtstoppar Christian Thue gjennomførste årets lengste raid frå eigen banehalvdel og utlikna for Åheim til 1-1. Men siste ti minutta rakna det for åheimarane. Heimelaget scora to lettkjøpte mål. 3-1. Like før kampslutt ruste keeper Pål, som for øvrig gjorde ein god kamp, nesten heilt ut til sidelina og felte den framstormande spissen. Dommar Oddbjørn Aam var ikkje i tvil om at raudekortet måtte opp. Dermed har Åheim fått utvist keeperen i to kampar på rad sidan Lars Aahjem vart utvist i forrige kamp. Larsnes/Gursken 2 nytta frisparket godt og scora på innlegget. 4-1. Best på Åheim var Henning Sætre på topp. Han var berre ein skugge av seg sjølv i forrige kamp, men bevegeleg og god på River Plate i gårkveld.   Stjerner
Henning Sætre ***
Christian Thue **
Pål Hellebust *    
18.09.14 08:43
VIDEOAR   GALLERI   WEBCAM
veret der du bur
 
Edit
FØRSTESIDA

 

KULTURKALENDAREN

Fredag 23. januar
17.30 "Kick off" Åheim
Holko & Hauge, Hotel Alexandra

Laurdag 24. januar
15.00 Basar, Rovde
Holko & Hauge, Hotel Alexandra

Tysdag 27. januar
17.00 Kulturskulekonsert Fiskå skule
19.00 Kulturskulekonsert Fiskå skule

Onsdag 28. januar
18.00 Kulturskulekonsert Syvde samfunnshus

Torsdag 29. januar
17.00 Samtalestund, Kyrkjekontoret Fiskå

Fredag 6. februar
Jørn frå Idol, Hotel Alexandra

VIL DU HA DITT ARRANGEMENT PÅ KALENDEREN?
Arrangement må ha vore i papirutgåva til Synste Møre for å kome på kalenderen. Annonse kan tingast på 70 02 08 20 eller redaksjonen@synste.no

Edit
FERJERUTER
Årvik-Koparnes    
Lauvstad-Volda    
Larsnes-Åram-Øyane    
Lote-Anda    
Hareid-Sulesund    

 

     





Redaktør:
Vidar Parr

Synste Møre,
Postboks 53,
6139 Fiskåbygd

TIPS OSS 
Telefon:
70 02 08 20

E-post:
redaksjonen@synste.no

Følg oss på:

  

Synste Møre arbeider etter Ver Varsamplakaten sine reglar for god presseskikk. Synste Møre har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til. Alt innhald er opphavsrettsleg verna 2014 ©


Web Design og CMS: Osberget